Om oss

Ferske Smakar AS
ossFerske smakar vart i 2011 starta opp av Gudrun Johanne Eikeland –konditor, og  Anette Hestad -konditormeister og bakarmeister. Verksemda vart starta i lokalar på Noss i Lundegrend. I 2013 kjøpte Ferske Smakar ein kafè i Førde (Napoleon Conditori). No føregår all verksemd i Førde på kafèen og i det tilhøyrande produksjonslokale. Vi har no ca. 8 årsverk. Der lagar vi kaker og konditorvarer etter ditt ynskje. Vi lagar også middagar, kaldtbord, fingermat, påsmurd.
Vår idè er at kunden skal få mogelegheit til å bestemme utsjåande og smakar i si eiga kake, og kjem gjerne med tips og idear undervegs. Ferske Smakar legg stor vekt på at produkta skal vere smakfulle og gode, samstundes som dei skal vere flotte å sjå på. Ynskjer du for eksempel ei spennande kake til barnebursdag kan vi utforme den etter ynskje av fasong, eller lage ein figur å sette oppå. Vi  lagar og  gjerne med teikning eller bilete.

I tillegg til vårt utval av kaker handlagar vi konfekt ,med fyll etter ynskje. Konfekt passer bra  som ein fin gåve til venner å kjente, til å ha på dessertbordet, eller kanskje som ein velkomstsjokolade i eit arrangement.

Vi tilbyr og forskjellig type dessertar, både i porsjonsform og som kake.

I tillegg til vårt opne utval, har vi eit standard kakeutval som har standard pynt og fast pris.

Det var alt på ungdomsskulen at Gudrun Johanne og Anette starta å bake og forme mat for sal. Saman med to andre starta dei elevbedrifta bakegjengen. På fritida laga dei og drops, handlaga kort og såper for sal. Deretter gjekk dei grunnkurs hotell og næringsmiddelfag i Førde. Då dei kom til Luster vidaregåande skule for å gå bakar og konditor starta dei ei ungdomsbedrift, UB det ” sunne ” hjørnet. Då var det tradisjonsbakst som flatbrød og lefse som var fokusområdet. Det var desse to bedriftene som viste seg å bli grunnlaget for vidare samarbeid.
Karianne Hestad er styremedlem i Ferske Smakar. Ho er og ein god rådgjevar når det kjem til det økonomiske. Ho arbeider til dagen som rekneskapsførar og har bachelorgrad i økonomi og administrasjon.
Daniel Stave er styremedlem i Ferske Smakar. Han er ein handyman som stiller opp når noko av maskiner og utstyr treng ei overhaling. Han fungerar som vår vaktmeister.