Ferske Smakar AS
ossFerske smakar vart i 2011 starta opp av Gudrun Johanne Eikeland –konditor, og  Anette Hestad -konditormeister og bakarmeister. Verksemda vart starta i lokalar på Noss i Lundegrend. I 2013 kjøpte Ferske Smakar ein kafè i Førde (Napoleon Conditori). No føregår all verksemd i Førde på kafèen og i det tilhøyrande produksjonslokale. Vi har no ca. 8 årsverk. Der lagar vi kaker og konditorvarer etter ditt ynskje. Vi lagar også middagar, kaldtbord, fingermat, påsmurd.
Vår idè er at kunden skal få mogelegheit til å bestemme utsjåande og smakar i si eiga kake, og kjem gjerne med tips og idear undervegs. Ferske Smakar legg stor vekt på at produkta skal vere smakfulle og gode, samstundes som dei skal vere flotte å sjå på. Ynskjer du for eksempel ei spennande kake til barnebursdag kan vi utforme den etter ynskje av fasong, eller lage ein figur å sette oppå. Vi  lagar og  gjerne med teikning eller bilete.

I tillegg til vårt utval av kaker handlagar vi konfekt ,med fyll etter ynskje. Konfekt passer bra  som ein fin gåve til venner å kjente, til å ha på dessertbordet, eller kanskje som ein velkomstsjokolade i eit arrangement.

Vi tilbyr og forskjellig type dessertar, både i porsjonsform og som kake.

I tillegg til vårt opne utval, har vi eit standard kakeutval som har standard pynt og fast pris.

Det var alt på ungdomsskulen at Gudrun Johanne og Anette starta å bake og forme mat for sal. Saman med to andre starta dei elevbedrifta bakegjengen. På fritida laga dei og drops, handlaga kort og såper for sal. Deretter gjekk dei grunnkurs hotell og næringsmiddelfag i Førde. Då dei kom til Luster vidaregåande skule for å gå bakar og konditor starta dei ei ungdomsbedrift, UB det ” sunne ” hjørnet. Då var det tradisjonsbakst som flatbrød og lefse som var fokusområdet. Det var desse to bedriftene som viste seg å bli grunnlaget for vidare samarbeid.
Karianne Hestad er styremedlem i Ferske Smakar. Ho er og ein god rådgjevar når det kjem til det økonomiske. Ho arbeider til dagen som rekneskapsførar og har bachelorgrad i økonomi og administrasjon.
Daniel Stave er styremedlem i Ferske Smakar. Han er ein handyman som stiller opp når noko av maskiner og utstyr treng ei overhaling. Han fungerar som vår vaktmeister.

Anette Hestad

Dagleg leiar
E-mail Anette Hestad

er utdanna konditor og bakar og har ca. sju års erfaring innan begge yrka før Ferske Smakar vart starta.
Ho tok sveinebrev innan begge faga på Valaker bakeri og konditori i Søvik i Møre og Romsdal i 2006 og 2007, og jobba der nokre år etter det. Der vart tempoet, og den hurtige, effektive arbeidsmetoden godt innarbeidd. Vidare fekk ho jobb hjå eit mindre handverksbakeri og konditori i Ålesund , der fekk ho lære godt, tradisjonelt konditor handverk.

Seinare flytta ho tilbake til Sunnfjord og jobba to og eit halvt år på Spar Bygstad og Tønna, med ansvar for kjøkken, og interessa for bakar og konditoryrket, og mat generelt vaks kraftig. Samstundes som arbeidet i Bygstad produserte ho kaker og konditorvarer til vener og kjente heime på kjøkkenbenken, medan Ferske Smakar tok form. Sidan tok ho eit vikariat som faglærar på Øyrane Vidaregåande skule på Resturant og Matfag linja, og lærde frå seg sin kunnskap og erfaring innan bakar og konditoryrket.

Hausten 2014 starta Anette med meisterbrevutdanning. Så våren 2016 kunne Anette stolt tittelere seg som konditormeister og bakarmeister.

Gudrun Johanne Eikeland

Styreleiar
E-mail Gudrun Johanne Eikeland

er utdanna konditor. Sveinebrevet vart tatt hos Naustdal Dampbakeri i Førde i 2005. Saman med Naustdal Dampbakeri deltok ho og i ein del fag konkurransar. Førebuinga var omfattande, serleg konfekt, moussekaker og små petit fours vart lagd vekt på. I 2004 vart ho Norgesmeister i ung konditorkunst, og deltok som resultat av det i yrkes-OL i Finland i 2005.

Etter tida på konditoriet i Førde har ho laga kaker til vener og kjente heime på kjøkenbenken. Der har ho utvikla stilen meir mot det amerikanske. Fargane er mange, og det fokuserast på storflott utsjånad, med mange figurar, og fargerike realistiske blomar. Der kan kreativiteten verkeleg utviklast til det fulle.